Goddagsida

 

Fram i lyset

Odd sin tenketank På jakt etter svar på

eller kvifor verda ikkje er

kanskje heilt slik den burde vere....

an odd think tank Hovedmistenkt: markedsliberalismen

 

Politikksida:

Sjå http://varsel.framilyset.com/

 

Ma om The Really Good Friends of Services- som vi bør passe oss for...

 

 

Jonsokkveld frå Aksla i Ålesund

 

Goddag til deg som uforvarande har ramla inn på denne sida.

Namnet mitt er Odd Tarberg, og eg vil sjå om eg klarer å gjere dette heimesideprosjektet interessant - helst også for andre enn meg sjølv... Dei første famlande stega tok eg i mars 2013.

 

Først og fremst har eg planar om å "levere" ein del politiske ytringar. Tankar eg ikkje minst har fått av å lese tekstar av det eg oppfattar som kloke folk. Eg jaktar som nemnt først og fremst på svaret på kvifor verda ikkje heilt er slik den burde vere...

 

Det er mao først og fremst politikksida som eg vil legge arbeid i. Dei andre sidene er der meir for moro skuld..:) For eksempel om ei lita bok eg laga om silostøyping på 1950-talet, og om ein "legendarisk" lastebil, "B-såpa", som far min hadde, det også i dei same utrulege åra...

 

Eg har ikkje fått ordna med eit proft opplegg for kommentarer frå eventuelle lesarar på denne sida.

Dei som skulle ha kommentarar å kome med, noko som eg gjerne ser, får derfor bruke

epostadressen min: otarberg@mimer.no. Utskjelling er uinteressant, derimot velmeint påpeiking av at eg tar feil i det eller det synspunktet og kvifor, vil vere kjærkome....

 

Det mest sannsynlege er vel at ei slik heimeside ikkje blir lest av andre enn meg sjølv. At den dermed mest blir ein slags "politisk terapi" for meg sjølv. Uansett; det å diskutere litt med seg sjølv kan vere ganskje så skjerpande, har eg opplevd...

 

Når du først er så langt, så er du sjølvsagt velkomen til å klikke i menyen til venstre og sjå om du vil bruke nokre fleire minutt på dette her.

Ha elles ein fin dag!

Odd T.