Finansspekulasjon - Etterlysing av NHO

Innlegg som stod i Klassekampen i desember 2011..

 

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Norge.

 

Ei av hovedoppgavene for NHO er, slik dei presenterer seg sjølve, å arbeide for gode og forutsigbare rammevilkår for norsk næringsliv. I den forbindelse er det svært merkeleg at denne organisasjonen ikkje for lengst har engasjert seg i arbeidet for å få bukt med den parasittiske finansspekulasjonen som har fått utvikle seg dei siste tiåra. Og som den siste tida er med på å rive eksempelvis Europa i fillebitar økonomisk.

 

Det er rimeleg stor konsensus rundt påstanden om at finansspekulantane er med på, i det minste, å forsterke kraftig dei mange økonomiske krisene vi har hatt i det siste. Ja, det er til og med gode grunnar til å hevde at denne delen av finansnæringa er direkte er med på å skape dei enorme ubalansane i økonomien, eksempelvis gjennom sine kreative tilbod om ulike spekulasjonsobjekt for kapital på jakt etter rask profitt. Ein aktivitet i sterk kontrast til eit anstendig og langsiktig arbeidande næringsliv, som vi må kunne forvente er majoriteten av NHO sine medlemsbedrifter.

 

Denne ustabiliteten i økonomien, som den kortsiktige “spekulasjonsnæringa” skaper, er sjølvsagt svært skadeleg for den seriøse delen av næringslivet. Når det derfor frå tid til anna, kjem forslag om tiltak som kan dempe “daytrading” og anna spekulasjonsaktivitet i finansmarknaden, då skulle det vel vere rimeleg å forvente av NHO, at dei ville vere ein aktiv medspelar for å få på plass slike tiltak?

 

Det er ikkje å forvente at NHO-leiinga skal overnatte i telt utanfor Wall Street eller Oslo Børs i protest mot det som skjer av parasittisk aktivitet på børsane.

Det er likevel all grunn til å etterlyse ei meir synleg og offensiv haldning frå organisasjonar som NHO når det gjeld dette spørsmålet.

Når til og med personar som José Manuel Barroso i EU-leiinga tar til orde for ei skattlegging som vil bremse finansspekulasjon, bør det vel også vere tillateleg for NHO å tone flagg i ei slik retning?

 

 

Odd Tarberg,

Attac-medlem, Ålesund Dersom du ikkje kjenner til Attac, gå inn på http://www.attac.no/

 

 

Tek her med eit anna innlegg eg hadde inne på ei debattside på nettet tidleg i 2011:

 

 

Demokratiet halde for narr.

 

Det er ingen tvil om at det norske nei-fleirtalet til EU er halde for narr gjennom EØS-avtalen. Ein viktig del i nei-argumentasjonen hadde med dei økonomiske konsekvensane av ein EU-medlemsskap å gjere, og så inngjekk vi altså ein EØS-avtale som økonomisk sett er så godt som identisk med det ein EU-medlemsskap ville ha gitt.

 

Demokratisk sett er det også skremande at det virkar som om Stortinget ikkje oppfattar kva som er i ferd med å skje når avtalar av EØS-karakter (ref også til MAI-avtalen og avtalar i WTO-regi) blir inngått. Eksempelvis var dette tydeleg for nokre få år sidan i samband med ei større verftskrise her til lands. Då stod den eine stortingsrepresentanten etter den andre fram og talte varmt for at dei kriseramma verfta måtte få bygge dei nye fregattane som det norske forsvaret nettopp då skulle kontrahere. Dei hadde altså ikkje oppfatta at dei sjølve hadde godkjent avtalar om at slike kontrakter måtte utlysast i EØS-området og gå til det bedriftsøkonomisk rimelegaste tilbodet.

 

I samband med den ekstremt konsekvenstunge MAI-avtalen som var i ferd med å bli inngått også for Norge sin del rundt 1999, var det også tydeleg at forhandlingsprosessen skjedde totalt over hovudet på nasjonalforsamlingane, det norske stortinget inkludert.

 

Kvifor dette skjer? Det virkar som dei involverte departementa vurderer slike avtalar som så kompliserte at dette vil ikkje ein gjennomsnittleg stortingsrepresentant forstå noko av uansett.

Når resultatet gjennom desse handelsavtalane blir ei utvikling i retning av stadig sterkare økonomisk liberalisme, så er det enkelt nok fordi dei interessene som har den sterkaste påvirkningskrafta inn mot dei aktuelle avtaleprosessane til ei kvar tid, alltid er dei som har interesse nettopp for ein opnare internasjonal konkurranse.

At dette skal vere i Norge sine interesser som nasjon og samfunn totalt sett, blir påstått i det uendelege, men er like kriminelt ubalansert for det.

 

(Dette innlegget stod som kommentar på ABB-nyheter si nettside i januar 2011 og er på manga måtar eit konsentrat av det som uroar og provoserer meg mest med norsk stortings- og regjeringspolitikk også pr mars 2013.... Odd.)