Gir vekk arvesølvet (fiskeressursane)?

 

Vil Høgsterett stanse galskapen? Eller skal milliardverdiane i fellesskapet sine fiskeressursar gjevast bort til nokre få priviligerte bedrifter?

 

Fiskebåtreiar Eivind Volstad har gått til sak mot Staten (fellesskapet) fordi den raudgrøne regjeringa har omgjort ei evigvarande tildeling av fiskekvoter, gitt av Bondevikregjeringa i 2005, til ei tidsavgrensa tildeling.

Det er i utgangspunktet hårreisande at Bondevikregjeringa på den måten i 2005 kunne gi bort, utan tidsavgrensing, desse milliardverdiane som så opplagt ein fellesskapseigedom. På same måte som vasskraftressursane og oljeforekomstene som landet rår over bør halde fram med å vere fellesskapseigedom.

Henning Røed har i Klassekampen den 12. mars ein kronikk som tydeleg viser kva som står på spel. Og dessverre er det ikkje opplagt (slik det burde vere) at Høgsterett avviser kravet frå reiarhald om at deira private bedrifter til evig tid skal få berike seg på det som så opplagt tilhøyrer oss alle.

Ordninga med å bruke tidsavgrensa tildeling av konsesjonar for å drifte ulike fellesskapsverdiar, er ei god ordning som vi bør halde på.

Reiarane skal tjene pengar på å drifte desse fiskeressursane. Det kan dei godt gjere ved å disponere dei og uten å eige dei.

Kven sine interesser vil Høgsterett forsvare?

 

Dette "slaget" står i Høgsterett no i veka mellom 12. og 15. mars 2013