Gamle dagar

Historie.

 

 

Her er det først og fremst snakk om stoff knytta til mine eigne "gamle dagar"..

Faktisk kom denne heimesida i stand ikkje minst fordi eg hadde lyst til å kunne spreide, på ein lettvint måte, det vesle bokprosjektet eg kosa meg med på seinhausten i 2012...

 

Sjå lenger nede ein link til historie om første bilen til far, ein sliten gardsbil som vart kalla B-såpa...

 

 

I 2012 samla eg ein del stoff om - av alle ting: silostøyping.

Grunnen var at far min, Edvin Tarberg, og ein kamerat av han, Håkon Moltubakk, støypte eit "utal" av siloar frå 1953 av og i eit godt tiår utover. Dei var mao svært så tidleg ute i det som var ein effektiviseringsrevolusjon i landbruket. Det enda opp med at eg "snekra" ei lita bok på 35 sider,med tittelen Silostøyping på 1950- og 60-talet. Eit spenstig kapittel i sunnmørsk landbrukshistorie.

Du kan blade i boka i pdf-format via denne linken (legg merke til at du kan velge fullskjermsvising): http://www.blurb.com/books/4136103-silostyparane. OBS: Dersom det kjem opp eit valg av betalingsvaluta når du har trykt på linken, så er det berre å velje ein av dei, lesing av boka på nettet skal ikkje koste noko likevel. Det går også an å få lest boka i bedre kvalitet dersom du går inn på ein annan link: http://gjerdsvika.no/#aid=107375&cid=13 som er på heimesida som nokre enstusiastar frå den gamle heimbygda mi Gjerdsvika, held i gong på nettet. Når du er inne på den sida, klikkar du på Gjerdsvika, og så Historie i venstremargen, og vil då kome til ei side der du ser namnet mitt og ei PDF-fil du kan laste ned..

 

Boka kan skaffast også i papirformat, men den blir relativt kostbar. Kontakt meg evt på epost:otarberg@mimer.no

 

 

 

Far min kjøpte i 1948 ein 20 år gamal gardsbil frå Vigra som på folkemunne vart kalla B-såpa, på grunn av fargen...

Eg har skrive ei lita historie om denne doningen for årboka til Sunnmøre Historielag. No i ettertid, kom eg faktisk over eit bilde som viser det rorhuset som eg skriv om, og som far min frakta på denne vesle lastebilen opp til Sædalsvatnet melom Gjerdsvika og Moltustranda...

Historia kan du lese på denne linken: "B-såpa" - ei legende på fire hjul. Om det ikkje fungerer så på "B-såpa" A og "B-såpa" B

Sjå teikning under her. Og ikkje minst det bildet som dukka opp no etter at eg hadde laga teksten og teikninga.. Uvisst når fotoet var teke...