Politikk

 

OBS! OBS!

Eg har fått forståelege reaksjonar på at denne sida ikkje er av dei mest oversiktlege..

Derfor har eg laga meg ei bloggside, til bruk for mine "politiske utgytelser". På den bloggen vil det også på "normalt vis" vere lettare å legge inne eventuelle kommentarar..

 

Denne "gamle" sida du er på no blir derfor meir å rekne som eit "historisk arkiv".

 

Derfor: VELKOMEN TIL BLOGGEN PÅ

http://varsel.framilyset.com

 

Den 27. mars la eg der inn eit innlegg som viser ein epost som eg sende til Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget, knytta til regulering av finanssektoren...

 

 

Ikkje gå glipp av tips om og kommentar til ein sterk artikkel av Martin Wolf (journalist i Financial Times), der han hudflettar elitene som har ført oss opp i den krisa som ikkje minst Sør-Europa er midt oppe i...

 

 

 

------->

 

Det ferskaste stoffet på denne sida ligg vanlegvis øverst i den venstre spalten her. Eldre "godbitar" lenger nede, med tydeleg datering..

I den høgre spalten ligg meir generelle synspunkt, tips om interessante personar og nettsider, i tillegg til nokre linkar til ting eg har skrive tidlegare...

 

Kommenter gjerne innlegg til otarberg@mimer.no (manglar eit meir proft opplegg..)

XXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXXX

 

08.01.2014.

Interessante tider!

Idag har eg sendt inn eit innlegg til Sunnmørsposten om dei pågåande TISA-forhandlingane som Norge er med på. Kanskje dei tek inn det også.. Eg skal linke til innlegget mitt etter kvart, men for å gjere ting enkle akkurat no, legg eg berre inn ein annan link her som viser litt av kva det heile handlar om. Linken gjeld Sverige, men situasjonen ser ut til å vere "kliss lik" den i vårt land... http://dagens.etc.se/nyhet/mp-%E2%80%9Dtisa-forhandlingarna-borde-avbrytas-omedelbart%E2%80%9D

 

04.01.2014.

Zapatero, spanske statminister frå 2004 til 2011, treffer ein viktig spikar på hovudet, når han i eit intervju nyleg seier at mykje av det økonomiske kaoset i dei siste åra har å gjere med at økonomien blir globalisert, men styresmaktene er lokale, nasjonale eller regionale. «L’économie est mondialisée alors que les gouvernements sont locaux, nationaux, régionaux».

Det er gamal visdom at eit samfunn må ha ei eller anna sentralmakt, staten, som balanserer ulike motstridande interesse for at det skal fungere skikkeleg... No er vi i stadig sterkare grad på veg inn i ein situasjon der dei globale finansgigantane regjerer. "When Corporations rule the world" skreiv David C. Korten i 1995. Det som står lenger nede i denne spalten, viser at vi er på god veg dit....

 

03.01.2014.

Godt nytt år - bør vi prøve å hjelpe til med å få til?...

 

For å gå rett på sak: Har du høyrt om the Really Good Friends of Services?

Dei aller fleste nordmenn har ikkje det, sjølv om Noreg er med i ei gruppe land som kallar seg dette, og som har som mål å få liberalisert internasjonal handel med tjenester så mykje som råd...

Og det er ikkje bra, spør du meg. Både fordi det skjer på udemokratisk vis - "i all stillheit"- og på grunn av sjølve innhaldet i det som er "i potten" i desse forhandlingane...Eg har samla litt stoff om dette dei siste par vekene, og har planar om å skrive noko om dette både her og helst i andre meir "offentlege publikasjonar" også. Men det er krevjande og tek litt tid før eg har samla trådane...

I mellomtida, dersom dette skulle virke interessant, vil det å gå inn på fylgjande link vere opplysande: http://www.handelskampanjen.no/nyhetsarkiv/globalt-tenestedirektiv-i-valtider/

Paraplyorganisasjonen Our World is Not for Sale har fleire hundre organisasjonar over heile verda i ryggen når dei protesterer mot desse planane. Sjå det her:

http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme

 

13.12.2013.

Eg har ropt "ulv, ulv" ei stund no når det gjeld desse frihandelsavtalane som blir forhandla fram i desse dagar (sjå lenger nede). Eg gjer ikkje det fordi eg er uroleg for framtida til dei barnebarna eg ikkje har, men fordi eg likevel er "velinformert vettaskremt" med tanke på korleis arbeidslivet også i vårt land kan sjå ut om nokre ti-år, når dei fleste av norske arbeidstakarar vil vere utkonkurrerte av billegare arbeidarar frå andre land. Eg vil berre ha det sagt så tydeleg som råd: Når dei konkurransedyktige næringane, både her til lands og andre stader, får halde fram med å diktere handelsreglane internasjonalt, så vil det bety ein konkurranse som vil rasere masse arbeidsplassar. Og vi vil få høyre at det er vår eiga skuld fordi vi er for dyr arbeidskraft. At graden av konkurranse bør kunne bestemmast av dei einskilde landa gjennom fornuftige tollsatsar, og derigjennom gi passande vern til næringar som treng det og som det er fornuftig å halde liv i, var fornuftig politikk tidlegare, og er like fornuftig i dag. Dei politiske styresmaktene er i desse dagar i ferd med å fråskrive seg det meste av sin autoritet på dette området. Trur du ikkje på det? Sjå lenger nede i denne spalten kva eg skriv om TTIP-avtalen og leit vidare på nettet om dette, så vil du nok bli litt uroleg du også...

 

Vart litt overraska over at Dagens Næringsliv

tok inn kommentaren min til Børge Brende. Men det gjorde dei altså den 7. des. og det tek eg som ei stadfesting av at redaksjonen i det minste såg på kommentaren min som relevant...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg har vidare prøvd å halde dette temaet varmt ved å fylgje det opp på Nye meninger (Dagsavisen si nettside). Sjå evt. http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1011/thread290091/#post_290091

 

03.12.2013.

I dag maila eg ein kommentar til Dagens Næringsliv, som reaksjon på ein artikkel som i dag stod i den avisa, signert av utensriksmin. Børge Brende. Eg har lite tru på at dei tek inn kommentaren som ser slik ut:

Friare handel gir også tap av arbeidsplassar.

 

Utenriksminister Børge Brende har ein skuffande misvisande artikkel på trykk i DN tirsdag 3. des. Der gjentek han den overforenkla påstanden om at friare handel “vil både utviklingsland og verdens handelssystem nyte godt av“. Brende veit bedre enn dei fleste at friare konkurranse over landegrensene er til fordel for enkelte sterke næringslivsaktørar, men kan bety kroken på døra for andre bedrifter. Mao at friare handel også vil rasere ein del arbeidsplassar, ikkje berre skape nye. Det er berre å sjekke effekten av dei ulike frihandelsavtalane USA har inngått med sine naboland, for å få dokumentert at det er slik ting fungerer. Om totaleffekten for eit gitt land vil vere positiv, vil heilt avhenge av situasjonen i det enkelte land, som Brende sikkert veit. At Brende gjentek mantraet om at frikonkurranse er eit gode “for alle“, er så forenklande at det no snart grensar til ei fornærming.

 

Odd Tarberg

Ålesund

 

Som eg har vist til lenger nede på denne sida, så er eg ikkje åleine om desse meiningane: "Although the North-American Free-Trade Agreement on the whole led to an increase in trade between the United States, Canada and Mexico, it resulted in job losses for the U.S. In other words, more trade does not necessarily mean more jobs." Sitat Magda Fahsi i Mint Press News...

 

27.11.2013.

Stort oppslag i Sunnmørsposten

med tittelen Når krigføring blir kalla partnerskap -

og folk let seg bondefange av handelsavtalar. Dersom du ikkje får lest artikkelen i avisa, kan du finne den i denne linken: Når krigføring blir...

Ein versjon som konsentrerer seg om frihandelsavtalen TTIP, har eg inne på debattsida Nye meninger (Dagsavisen) på denne: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1011/thread289568/#post_289568

 

26.11.2013.

Globale storkonsern - ein trussel mot demokratiet. Det er Susan George, ein erfaren kapasitet frå Transnational Institute som uttrykker seg slik. I ein artikkel kommenterer ho ma den avtalen som no blir framforhandla mellom Eu og USA (TTIP - Transatlantic Trade ande Investment Partnership).

Dersom du orkar å lese den engelske teksten så finn du den her: http://www.tni.org/article/democracy-danger-rise-illegitimate-authority Der kallar ho denne TTIP-en som eg har masa om tidlegare på denne, sida for "den viktigaste frihandelsavtalen som nokon gong har vore planlagd". Og med "viktigaste" meiner ho den farlegaste...

 

 

23.11.2013.

I Nye meninger, Debattsida til Dagsavisen,

har eg ein kommentar i dag til eit innlegg av Siri A. Meling, skattepolitisk talsperson for Høgre. Innlegget hennar er eit svar på eit innlegg eg hadde ei veke tidlegare. Sjå http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1011/thread288469/#post_288469

 

20.11.2013

Det er mykje som skjer

på området rundt skatteparadis og korrupsjon. Eg har nyleg sendt inn eit innlegg til Sunnmørsposten på dette temaet, og er spent på om dei tek det inn. Etter kvart vil eg legge innlegget inn her i alle fall.

Det eg er oppteken av, er igjen dette med finansiell skattesnyteri og desse "usannsynlege" frihandelsavtalane om er på gang, eller som alt er vedtekne.. Du finn eit godt apropos til dette på http://www.publishwhatyoupay.no/ ..

 

09.11.2013.

I går publiserte eg eit innlegg

på Dagsavisen i debattside Nye meninger. Innlegget er ein reaksjon på at Siri A. Meling, Høgrerepresentant i finanskomiteen, presterer å seie at det er viktigare at norske selskap tjener pengar, enn at vi unngår at slike selskap driv med skatteplyndring i uland. Eg blir heilt matt av slike haldningar, og håper i grunnen at ho er feilsitert... Sjå evt innlegget her:

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1018/thread288130/#post_288130

 

 

07.11.2013.

Frå umoral til kriminalitet..

I ein fersk rapport frå ActionAid går det fram at det globale konsulentfirmaet Deloitte gir råd til sine kundar om korleis dei kan unngå å betale skatt i fattige land som Mosambik. Dette kan enkelt skje gjennom å drifte aktiviteten frå skatteparadiset Mauritius. (Det norske ulandsfondet Norfund har prøvd å forsvare sin bruk at Mauritius i sin aktivitet...). "Det er umoralsk å bruke ressursar for at de som har aller mest, skal unngå å betale skatt til de som har aller minst", seier Lars Koch, politikkmedarbeidar i u-landsorganisasjonen Ibis.

Det som er provoserande feil, er at denne "umoralen" ikkje for lengst er kriminalisert. Det er ingen tvil om at det sit folk i internasjonale maktposisjonar som ikkje gjer jobben sin med å gjere slik praksis straffbar, og det med avskrekkande straffeutmåling... Det er synd at ein del som fortener å miste nattesomnen faktisk ikkje ser ut til å vere plaga med slikt...

 

Det er ein god del kunnskap det er "tungt å bere". Dette er eit eksempel..

 

06.11.2013

I helga har eg lest

ei bok som forfattaren, Erik Martiniussen, har kalla Drivhuseffekten. Klimapolitikken som forsvant.

Tankevekkande. Skulle gjerne hatt kapasitet til å gi den boka eit skikkeleg ekko, og då ville det vere med bruk av uttrykk som "sosialøkomisk hersketeknikk" og " ideologisk innavl i Finansdepartementet".

Uansett, sjølv om eg vil trekke forfattaren for litt for ukritisk velvilje til bruk av biodrivstoff i bilar (risiko for bruk av matjord..), så bør det han skriv om CO2-utsleppa vere nok til å feie restane av tvil tilside om at ein stor del av dei klimaendringane som no er på gang, er menneskeskapte...

Skeptikarane les sjølvsagt ikkje slik bøker...

 

30.10.2013.

Dagens sitat og link.

Som det tydeleg går fram av det eg har lufta tidlegare på denne sida, så er eg fykande galen på desse sokalla frihandelsavtalane og på dei som kjem med den blanke lygna at desse avtalane er eit gode for alle.

I dag har eg "gleda av" å vise til ei amerikansk nettavis som kallar seg MintPressNews. Der kom eg i dag over ein artikkel som er sterkt kritisk den frihandelsavtalen TTIP, som er under framforhandling mellom EU og USA.

 

Artikkelen kritiserer at tilhengarane av avtalen framstiller den som ukritisk positiv, eit syn artikkelforfattaren, Magda Fashi, langt frå deler..

Ho skriv mellom anna:

"Dei som kan rekne med å tjene på ein slik avtale, er dei sterkaste, berre dei som vil evne å overleve i ein endå hardare konkurransesituasjon, medan dei svakaste og minste truleg vil få den hardaste "trøkken".

I tillegg, meir handel betyr rett nok meir eksport - som er bra for å skape jobbar, med det tyder også meir import - noko som vil føre til tap av jobbar. Dette er akkurat det som hende med NAFTA: Sjølv om den Nord-Amerikanske Frihandelsavtalen førde til auka handel mellom USA, Canada og Mexico, så førde den til eit nettotap av arbeidsplassar for USA (over 800.000 etter ti år). Med andre ord: meir handel fører ikkje nødvendigvis til fleire arbeidsplassar."

 

På originalen:

 

"Those likely to benefit from such an agreement are the strongest ones, the only ones that will be able to survive in a more competitive environment, with the weakest and smallest probably the hardest hit. Additionally, more trade means more exports – good for jobs creation – but also more imports – more likely to lead to job losses. This is exactly what happened with NAFTA: Although the North-American Free-Trade Agreement on the whole led to an increase in trade between the United States, Canada and Mexico, it resulted in job losses for the U.S. In other words, more trade does not necessarily mean more jobs."

 

Link til artikkelen: http://www.mintpress.net/toward-a-us-eu-free-trade-agreement-things-are-far-from-rosy/

 

Det er i tillegg nifst at slike avtalar kjem i stand totalt uten det vi ville kalle ein demokratisk prosess.

 

Det slike avtalar er best til, er å gjere arbeidsplassar utrygge og undergrave arbeidsfolk sitt forsvar mot å bli utnytta av dei som er ute etter kortsiktig profitt...

 

28.10.2013.

Oljefondet...

Framtiden i våre hender synes det er oppsiktsvekkende at Shell blir behandlet svært mildt i en ny melding fra Finansdepartementet som ble sendt ut mandag 14. oktober. Mens små selskap kastes ut på grunn av miljøødeleggelser, vil ikke Finansdepartementet engang sette Shell under observasjon. Les gjerne meir om dette her:

http://www.framtiden.no/201310146259/aktuelt/etiske-investeringer/oljefondet-tor-ikke-kaste-ut-de-store.html

 

26.10.2013.

Tilståelse. Fiskekvotesaka.

Det har vore mykje støy i media etter høgsterettsdomen i fiskekvotesak (sjå under). Etter å ha lest eit par oppklarande innlegg (ma eit av Svein Aam i Sunnmørsposten i dag), så må eg vedgå at eg, som fleire andre, hadde fått inntrykk av at saka hadde større polistisk betydning enn tilfellet er. Rettsaka omhandla berre kvoter som er samanslegne (frå fleire mindre), sokalla strukturerte kvoter. Og faktisk er det slik at "den overveldende delen av norske fiskekvoter (grunnkvotene) hele tiden har vært "evigvarende". (sitat frå innlegg i dagens Klassekampen av Jarl Hellesvik).

At saka likevel er viktig nok, viser nettopp det faktum at den vart ført heilt til Høgsterett... Og når det gjeld det eg har skrive under her, så står eg framleis for det, fordi det viser kva eg meiner bør vere det prinsipielt rette her: nemleg at styresmaktene skal kunne bruke kvotesystemet som den konsesjonsordninga den er, til å forvalte naturressursar og drive fornuftig næringspolitikk (eksempelvis hindre for stor konsentrasjon på få hender...) .

 

Dei som skal drive i fiskerinæringa må få levelege, stabile rammevilkår, men som Svein Aam skriv: "Etter innføringa av tidsavgrensa strukturkvotar i 2007, har mange andre (enn Volstad) investert i strukturkvotar som dei veit vil vare i 20 år. Det viser at tidsavgrensing er til å leve med. at det er ei ordning som fungerer."

 

Jarl Hellesvik på si side, kjem i innlegget sitt med fylgjande tankevekkande avslutting:

"Om fiskekvoter er "evigvarende" eller ikke, er imidlertid ganske så underordnet. Det som burde være sentralt i den fiskeripolitiske debatten, er det at myndighetene tillater at fiskekvoter kan kjøpes og selges. Kjøp og salg av fiskekvoter fører til at pengemakta bestemmer hvor kvoterettighetene havner. Dette fører også til at kvoterettighetene havner på stadig færre hender og til stadig færre steder. Normalt så kalles slikt for sentralisering. Politikerne har dermed med åpne øyne, gitt ifra seg et viktig distriktspolitisk virkemiddel.

 

De aller fleste politiske partier- og de aller fleste politikere i Norge, har altså valgt å abdisere fra dette feltet. Abdiserer politikerne fra et slikt område, så trer pengemakta straks fram på scenen og overtar styringen av utviklingen. Og selvsagt har dette skjedd også i dette tilfellet."

 

Mannen har sannsynlegevis eit svært vesentleg poeng....

 

Tilfellet vil pussig nok, at eg siterer Hellesvik på dette om politikarar som "abdiserer", på ein stad som hamnar like ved sidan av ei setning eg skreiv i spalten til høgre for minst ein månad sidan, der eg brukar same uttrykket i ein meir generell samanheng...

 

 

23.10.2013

Høgsterett med ryggrad i fiskekvotesaka!!

Det kunne ha vore grunn til å heise flagget i dag etter at Høgsterett avgjorde at "ei tidsavgrensing av fiskekvotene ikkje bryt med grunnlova sin paragraf 97." Det skulle berre mangle!!

Men flagget kan berre ligge i ro, for vi må vel rekne med at den nye regjeringa fort vil endre på dette...

 

Ganske utruleg dette forresten, at folk som har fått lov til, gjennom konsesjon, å benytte seg av felleskapet sine ressursar til å skape seg store personlege formuer, at dei så skal ha ein ide om at dette privilegiet er noko som skal gå over til å vere eit personleg særeige...

 

Konsesjonsordninga, det vere seg for vasskraft, olje, oppdrettsnæring, fiskeri, eller andre nasjonale ressursar, er skapt nettopp for å gi ein kontrollert måte å sette desse ressursane i produksjon på.

Dersom slike ressursar blir privatiserte, vil det vere eit teikn på ein primitiv måte å organisere samfunnet på.

Det er no mi meining då.

 

Dyktige fiskebåtreiarar trengst og vil opplagt vinne utlysingar om konsesjonane i åra framover, og samfunnet vil opplagt sjå seg tjent med å gi dei gode, og "forutsigelige", økonomiske vilkår for å gjere jobben, men at det skal vere politisk valde styresmakter som bør ha kontrollen med dette, burde det ikkje vere det minste rom for tvil om... (Enkelte ser det tydelegvis annleis....)

 

Når private firma kjeppjagar folkevalde styresmakter gjennom rettsystemet, då minner det meg om desse handelsavtalane som no spreier seg over kloden.. Eg var engasjert i å motarbeide noko som var kalla MAI-avtalen, og som det vart mykje bråk om internasjonalt for nokre år sidan.. Nifse greier...

 

Om MAI-avtalen. Dette innlegget er 15 år gamalt, men syrjeleg aktuelt også i dag (innlegget opnar seg ikkje like lett på alle lesebrett, men på pc-en min går det i alle fall greit...)

 

22.10.2013.

Eg har abonnert på eit fransk politisk vekemagasin sidan det starta opp i 1988.

Bladet heiter Politis, og har ma stoff om internasjonal økonomisk politikk, med eit kritisk søkelys på ny-liberalismen. Ja, elles hadde eg vel ikkje abonnert på det? :) Bladet tipsa meg ma tidleg om organisasjonen Attac, som vart skipa i Frankrike i frustrasjon over den parasittiske finansspekulasjonen...

Når eg nemner dette bladet no, er det fordi det i det siste igjen har vist meg kor ofte den politiske agendaen i to ulike land som Frankrike og Norge har oppe liknande saker. Denne gongen er det søndagsopne butikkar som er på trappene begge stader. Sterke fornuftsmessige argument mot dette er å sjå i begge landa, men det ser ut til at det likevel går mot generell søndagshandel av ein eller annan "mystisk" grunn. Er det snakk om ideologisk fundamentalisme, politisk publikumsfrieri, eller noko anna irrasjonelt?

 

At det er irrasjonelt er i alle fall mi meining om dette.

Det er eit faktum at lønsutgiftene til ei forretning som sel for eks konfeksjon, vil auke vesentleg dersom den skal ha personale på jobb, varme i lokala osv, også på søndagane. Desse utgiftene må forretningane sjølvsagt ta inn igjen gjennom vareprisane. Greit nok? Ikkje så lenge som "folk flest" er sure på grunn av høgt kostnadsnivå i dette landet...

 

 

Det kan då vel ikkje vere eit mål å få gjort gjort distribusjonen av "allehånde varer" så dyr som råd??!

 

(Det å vere mot søndagsopne butikkar over "heile fjøla", hindrar ikkje at det går an å bruke fornuft og gjere visse "Nødvendighetsartikler" tilgjengelege også på søndagane.)

 

Same dag:

Offentleg kontra privat drift av barnehager o.a..

Orkar du meir stoff om kvifor privatisering av offentlege tenester ikkje uten vidare er "saliggjerande"? Uttrykket "barnehagebaron" er ganske så nytt. I linken under vil du kunne lese om korleis desse baronane har fått viljen sin...

http://www.manifesttidsskrift.no/barnehagekommers-og-rodgronn-naivitet/

 

 

20.10.2013.

Kirkens nødhjelp er ein organisasjon som innimellom har mykje bra på agendaen når det gjeld uhjelp.

Eg har for eks nettopp støtta ein aksjon dei har gåande for å skjerpe lovverket som skal hindre at norske selskap "berikar seg" gjennom skattejuks i uland. Sjå meir her http://www.kirkensnodhjelp.no/Engasjer-deg/gjor-en-forskjell/manedens-aktivitet1/oktober-be-stortinget-ordne-opp/

 

Det som derimot er "kjedeleg", er at Kirkens Nødhjelp jublar litt for ukritisk til at det no er veksande stemning for at det norske oljefondet skal investere meir av midlane sine i uland. Jubelen er grunna i trua på at dette vil vil vere til hjelp for desse landa. Problemet er dessverre at slike investeringar like gjerne endar opp som plyndring som i hjelp. Dersom du ikkje tidlegare har lest det som står under den 6. og 12. august lenger nede i denne spalten, så vil du finne meir om at dette.

 

"I rettferdighetens namn" som det heiter, skriv tross alt Kirkens Nødhjelp fylgjande om dette temaet: "Nå fortsetter arbeidet med å gjøre ord til handling, og å sørge for at det blir gjort på en måte som kommer fattige mennesker til gode. (mi understreking....)

 

 

 

20.10.2013.

Oss "påvirkingsagentar" imellom...

Når direktøren for Norsk Forening for Automatisering (sjå under) finn det på sin plass å prøve å hindre at tempoet i den norske oljeutvinninga skal reduserast, så sender han sjølvsagt ikkje ein aviskronikk om dette berre til Sunnmørsposten. Eit søk på nettet viser at innlegget er sendt til fleire aviser.. Vi som er "påvirkningsagentar" i andre retningar og også på andre områder får prøve å lære av teknikken...

 

 

15.10.2013.

I dag har Sunnmørsposten kommentaren min til Annfinn Ekornsæter sin kronikk på trykk. (Sjå under 08.10.)

Du kan lese den via denne linken: Oljeutvinning og klima.

 

"Dagens anbefaling" er elles igjen http://www.handelskampanjen.no/

med artikkelen om gigantavtale med store konsekvensar....

 

 

08.10.2013.

I går sende eg inn ein kommentar

til ein kronikk som stod i Sunnmørsposten dagen før. Der kritiserte ein direktør (Lars Annfinn Ekornsæter (Adm. dir, NFA - Norsk Forening for Automatisering) ) at oljeutvinninga i Lofotenområdet er lagt på vent som resultat av dei ferske regjeringsforhandlingane. Om kommentaren min kjem inn er ikkje godt å seie, men eg reagerte i alle fall der på at direktøren i kronikken sin såg heilt bort frå den kjedelege konsekvensen av fortsatt vekst i oljeutvinning som blir kalla global oppvarming. FN sitt klimapanel kom på sitt nylege møte i Stockholm, med forsterka åtvaringar om dette. Direktøren vil tydelegvis at vi skal oversjå dette og halde fram med å sage av den greina som det er stor fare for at vi alle sit på...

 

 

Elles las eg i dag i ein mail frå organisasjonen Publish What You Pay Norge, om ein professor ( Prem Sikka, professor i rekneskap og revisjon ved University of Essex) som kritiserer at dei store internasjonale selskapa på lettvint vis lurer seg unna skatt. Ikkje overraskande ved å flytte gigantinntektene sine til land med lav eller ingen skatt...

Sjå meir på http://pwyp.no/en/google-og-exxonmobil-faar-akademisk-refs

Vi får håpe at dei politiske leiarane snart rettar ryggen og får slutt på denne galskapen!

 

23.09.2013.

Fleire som er urolege pga dei frikonkurransefrelste..

I dag kom eg over ei amerikansk nettavis som har ein artikkel som nok ein gong viser kor ille det kan gå når dei frikonkurrransefrelste får herje fritt. Avisa har tittelen Economy i crises og artikkelen finn du her:

http://economyincrisis.org/content/the-grave-danger-ahead-the-tpp-could-destroy-the-american-middle-class#more-19684

Artikkelen gir uttrykk for frykt for ein avtale som USA er i ferd med å gjere med ein del Stillehavsland med rikeleg med lavtlønna arbeidkraft.

I artikkelen står det ma dette: "We have been fallaciously told that as we trade with low-wage nations, their wages will rise up to meet ours. This really means our wages will be pulled down, however." Altså at våre lønningar blir pressa nedover, ikkje at lavkostnadslanda sine lønningar vil auke mot vårt nivå, slik vi er blitt lurt til å tru. Forfattaren ser for seg at den amerikanske middelklassa vil bli øydelagt av denne typen politikk.

"This agreement would put countries like Brunei and Vietnam on the same playing field as the United States, despite their lower wages and low environmental and labor standards".

 

Som nemnt lenger nede på denne sida, er Europa og USA i gang med å førebu ein liknande avtale (TTIP - sjå kommentar 26.06.), som altså vil tjene dei sterke på begge sider av Atlanteren og vere ein trussel mot dei svakare aktørane i næringslivet.

 

Kva er alternativet? Professor i sosialøkonomi Fritz C. Holte kom i 1992 med ei bok (Hva slags framtid) der han presenterte tankar rundt etablering av tollmurar på eit passe høgt nivå - same satsane for eksport som for import - for å gi større deler av næringslivet sjanse til å overleve.

Slike tankar blir sjølvsagt latterleggjorde av mainstream-synsarane, som tydelegvis har som livsoppgåve å forsvare dei sterke sine interesser uansett kor uleveleg situasjonen blir for vanlege folk. ... Dersom konkurransemodellen er så fantastisk, kvifor er ungdomen i for eks Hellas, Spania og Portual i dag uten arbeid og trygge framtidsutsikter?

 

Eg veit ikkje om tankane til Fritz C. Holte gir svar på alle utfordringane, men det er trist at dei frikonkurransefrelste så langt har greid å sabotere all seriøs diskusjon om alternative måtar å organisere internasjonal handel på...

 

 

Forresten: Denne nettavisa, Economy in Crises, er faktisk ganske interessant elles også. Sjå for eks gamle, gode Ralph Nader sin artikkel "How to tame the corporation via denne linken:

http://economyincrisis.org/content/how-to-tame-the-corporation#comment-12787

 

Andre ting i denne avisa har eg mindre sansen for, men interessant er den likevel...

 

 

22.09.2013.

Litt meir om boka "Ulikhetens pris".

 

Etter at boka The Spirit Level: why equality is better for everyone" kom ut i 2009 ( på norsk i 2011 under tittelen "Ulikhetens pris"),har den vakt mykje oppsikt. Den har ikkje minst vakt hektisk motstand frå dei "frikonkurransefrelste" sine kretsar. Nesten kampanjeliknande angrep kan det kallast. Her til lands er det den høgreorienterte tenketanken Civita som har fronta denne kritikken.

Intensiteten i denne kritikken kan sjåast på som ein honnør til forfattarane, ettersom den kan tyde på at dei har funne eit ganskje så ømt punkt i det ideologiske fundamentet til dei ultraliberale...Eg får eit inntrykk av at boka rokkar så kraftig ved eit vitalt punkt for liberalistane, at det nesten er litt panikkarta det som foregår frå den sida... Kvifor ikkje den same "angsten" frå dei som omfamnar bodskapen i boka? Fordi den sida ikkje har noko å tape - fordi motparten altfor lenge har hatt "monopol på sanninga" i slike spørsmål...

 

Ein av dei som Civita har "sendt ut i krigen" mot boka, er rådgivar Ole Vanebo (18.06.2012 på Civita sine nettsider).

Sett frå min ståstad blir det morosamt når han konkluderer artikkelen sin med denne setninga: "I en kompleks verden, der årsaksforhold er vanskelige å forklare og ulike faktorer spiller inn, er det farlig å trekke politiske implikasjoner ut fra noen få av virkelighetens bestanddeler."

Dette blir morosamt med tanke på kor hemningslaust nettopp dei frikonkkurransefrelste sjølve ser bort frå denne advarselen.

 

Det blir truleg fleire kommentarer om dette på denne sida... I mellomtida kan du evt sjå innom denne: http://www.leftfootforward.org/2010/07/debunking-the-rights-attacks-on-the-spirit-level/

 

17.09.13.

Eit slags lyspunkt...

For eit par dagar sidan kom eg over eit nettside som slett ikkje er i min "omgangskrets". Den tilhøyrer eit selskap som hjelper rikfolk med investeringane sine. Eit kapitalforvaltningsselskap som kallar seg Fidelity som starta aktiviteten sin i Bermuda (ikkje overraskande), og som no har kontor i 25 land..

Det som gjorde at eg reagerte, var at Michael Collins, som er Investment Commentator i Fidelity, har ein artikkel på selskapet si nettside med tittelen Rising inequality poses a political and economic menace, at Aukande ulikskap inneber ein politisk og økonomisk trussel. At desse tankane kjem frå dette haldet var uventa for meg. Collins argumenterer for at investorar må ta den risiko som dette medfører med i vurderingane når dei skal satse pengar i ulike land. Han snakkar om Gini coefficienten, som er eit mål for ulikskapen i eit land. Ein parameter som no blir meir og meir viktig i hans auge. Artikkelen er full av eksempel på kor ugunstig det er å late ulikskapen i eit samfunn få vekse seg for stor.

Kan det vere at litt fornuft er i ferd med å sige inn også i finanskretsane? Skal vi kalle det eit slags lyspunkt? For meg er det i alle fall oppsiktsvekkande lesing.

Les meir her: http://www.fidelity.com.au/insights-centre/investment-articles/rising-inequality-poses-a-political-and-economic-menace/

 

Dersom du ikkje vil lese heile artikkelen, så får du eit inntrykk av kva han "ber til torgs" berre av dette sitatet: "The Asian Development Bank rates the “startling rise” in inequality as developing Asia’s greatest long-term economic threat. The bank estimates the Gini coefficient in developing Asia has jumped from 0.38 to 0.47 over the past two decades – as in nearly 20% of total income went to the top 5% in most countries."

 

Innhaldet i denne artikkelen er eit tydeleg ekko av bodskapen i boka Ulikhetens pris av R.Wilkinson og K.Pickett, og som eg tidlegare har anbefalt i spalten til høgre.

 

 

16.09.13.

Kvifor har så mange lagt "offentleg sektor" for hat?

 

I den komande regjeringa vil det nest største partiet vere fronta av folk som det har ost politikarforakt og forakt for offentlege tenester av så lenge eg kan hugse. Logisk nok blir det då meir privatisering av offentlege tenester og mindre og mindre politisk kontroll med det økonomiske fundamentet i samfunnet...

 

Det er merkeleg at det skal vere langt mindre provoserande for enkelte at "private aktørar" skor seg grovt økonomisk, enn dersom offentlege etatar tidvis framviser kritikkverdige forhold.

Kvifor så mange ser ut til å ha lagt "offentleg sektor" for hat er eit viktig spørsmål...

 

 

11.09.13.

Det gjekk som forventa i valet, men det er like lite oppløftane for det.

Mange grunnar har vore nemnde til at folket no kastar ei regjering som, meir enn den påtroppande, vil ha politisk styring med viktige ting i samfunnet. Og det paradoksalt nok på ei tid der Europa elles gir gode eksempel på at frislepp av næringslivet lett fører på "ville vegar" (finanskriser).

 

Kan ein av grunnane vere at det minner om hovmod når den sittande regjeringa skal framheve det positive dei har oppnådd? Som eit slags sjølvskryt folk ikkje likar?

Uansett er det også mykje lettare å angripe og klage på ting, enn det er å forsvare seg.

 

Sjølv om den avtropande regjeringa også skuffa meg når det gjeld enkelte liberalistiske posisjonar (frihandelsavtalar med enkelte land f.x.), så meiner eg i alle fall at det vi har i vente no gir langt større grunn til uro når det gjeld arbeidsmiljø og veksande gap mellom kaksar og vanlege arbeidsfolk også her til lands... Det er heilt tydeleg at "folk flest" ikkje ser dei same samanhengane mellom liberalisme og den økonomiske katastrofen i Sør-Europa som eg meiner å sjå. Og eg klarer altså ikkje å sjå kvar eg tek feil...

 

09.09.13.

Det er uforståeleg at vi no ser ut til å gå mot eit regjeringsskifte (nokre timar før vallokala opnar.) som vil gi meir liberalisme her i landet.

Uforståeleg fordi det vi har sett av finanskriser dei siste åra burde ha vist folk at meir liberalisering er ei retning som berre priviligerer dei som alt er priviligerte...

Uforståeleg fordi Norge internasjonalt ligg på toppen når det gjeld land det er godt å bu i...

 

Det er meg spesielt uforståelege at Krf-veljarane vil sørge for at Frp kjem i regjering. Eit parti som står så langt unna kristne solidaritetshaldingar som tenkast kan (og med alkoholpolitikken på toppen av kransekaka...)

 

29.08.13.

Kommentaren under stod i Sunnmørsposten den 26. august. Som eit lite forsøk på å drive valkamp:

 

"På veg mot isfjellet?

 

Titanic.

Ser i denne avisen den 20. august at bedrifteigar Knut Flakk fryktar at “den norske modellen er “Titanic” med stø kurs mot isfjellet.”

Det kan godt vere at han har eit poeng knytta til det norske velstands- og forbruksnivået, men det er uklart om det ligg ei “løysing” i å få norske arbeidstakarar sine lønningar ned på austeuropisk nivå medan kapitaleigarane på same tid skal betale mindre skatt til fellesskapet.

Det som i alle fall er underleg og urovekkande i valkampsamanheng, er at ikkje fleire ser korleis kolossen EU nettopp liknar på ein økonomisk “Titanic” som alt HAR tørna inn i isfjellet. Når over halvparten av ungdomane mellom “passasjerane” i Sør-Europa er utan jobb, er det ganske så påfallande at ikkje fleire på høgresida ser at den skuta der er “lekk” og tar til å tvile på om EU sin kurs, som dei så heilhjarta applauderer, kan vere den rette...

“Ulikhetens pris” og den vanskelege valkampen.

Når eg er vitne til den pågåande valkampen, får eg heile tida i tankane ei bok som dei to amerikanarane Wilkinson og Pickett har skrive, og som på norsk har fått tittelen “Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle”. Dersom alle, både politikarar og veljarar, var godt informerte om det denne boka så overtydande dokumenterer, så er det liten tvil om at vi ikkje ville få eit regjeringsskifte i retning av skattelette for dei rikaste og større økonomisk ulikskap generelt i dette samfunnet.

Den engelske avisa The Independent skriv om boka: “Fengslende og sjokkerende. Alle tilhengere av frie markeder burde tvinges til å lære den utenat.” Og ei anna avis The Economist meiner: “Bevisene kan vanskelig bestrides”.

Det vil nok vere ei vanskeleg oppgåve i valkampen å få folk flest til å lese denne boka. Så då får eg nøye eg med å oppfordre folk til å stemme på det, eller dei partia som er mest skeptiske til fylgje den kursen som det liberalistiske EU har tura fram på, og dermed auke sjansen for at vi unngår ei regjering som ser ut til berre å ville “auke farta inn mot isfjellet”.

 

Odd Tarberg

Ålesunder - godt ute på venstresida. "

--------

 

 

...Ein ting som gjer at eg mislikar når næringslivsfolk klagar over at norske lønningar gjer det vanskeleg å konkurrere med utanlandske bedrifter, er at desse folka aldri er med og stiller kritiske spørsmål ved om liberalistisk fri handelskonkurranse er den beste beste og einaste moglege modellen. Eg har lest nok dei siste tretti åra om dette til å vere overtydd om at det ikkje er tilfelle. Men det vi ser er at den delen av næringslivet som tener stort på denne modellen, er dei som får diktere spelereglane. Og det til skade for andre deler av næringslivet også i vårt land...

 

 

12.08.13.

Norfund-diskusjonen ferdig så langt..

Min "krangel" med Norfund er så langt avslutta med ein replikk som stod i Vårt Land den 9. aug. (Artikkelen frå Norfund kan du finne på denne linken:

http://www.norfund.no/norfund-feature-articles/category359.html ). Sjå etter Vårt Land-artikken på den sida..

Replikken min (i Vårt Land 9. aug.) tar eg med her:

 

Bistand eller butikk?

Norfund likar ikkje at eg i Vårt Land den 15. juli, var kritisk til at fondet har så høg avkasting på sine investeringar i utviklingsland. Norfund har over fleire år hatt dobbelt så høg avkasting (10%) som det norske oljefondet har oppnådd (5%). Mitt poeng er at det må vere ei grense for kor høg denne avkastinga kan vere før vi må kalle det utbytting når gevinsten kjem frå fattige uland. I eit oppslag i VL den 26. juli avfeier Norfundleiinga denne problemstillinga ma slik: ”God avkastning i sosialt ansvarlige bedrifter betyr at de er finansielt levedyktige, dekker viktige behov i de fattige landene og skaper trygge arbeidsplasser“. Betyr dette “resonnementet” at til høgare avkasting til bedre bevis på god utviklingseffekt? 30, 50 eller 100% avkasting pr år, er det framleis ikkje utbytting og ågerrenter? Det at Norfund reinvesterer avkastinga si vidare i andre prosjekt i uland er vel og bra, men er ikkje til særleg trøyst for dei enkeltprosjekta som må prestere ein profitt på eit slikt nivå. Det hindrar heller ikkje at det er fondet sin forvaltningskapital som veks gjennom denne avkastinga. Eg er elles ikkje åleine om å ha problem med å sjå korleis fondet har langsiktig kontroll med den “sosialt ansvarlige” praksisen til dei investorane som tar over etter Norfund når fondet sel seg ut av sine engasjement. Ifylgje Norfund sin årsrapport for 2012, investerte fondet eksempelvis USD 250.000 i 2006 i eit mikrofinansprosjekt (Micro-Africa-gruppen), og skriv: ” Norfund avsluttet investeringen da Letshego Holdings, en regional mikrofinansaktør, kjøpte et flertall av aksjene i 2012. Norfunds årlige avkastning utgjør 27 prosent.” Er det dette Norfund kallar god støtte til aktørar som har desperat behov for rimeleg mikrofinansstøtte?

 

Odd Tarberg

Ålesund

 

 

06.08.13.

 

Norfund. Bistand eller butikk?

Dei siste to-tre vekene har vore ekstra interessante. Eg hadde nemleg den 15. juli inne ein kritisk kommentar i Vårt Land til at Norfund, som investerer i næringsverksemd i ulanda, tjener dobbelt så mykje i snitt pr år som oljefondet. Det er eit eller anna som skurrar når eg høyrer slikt.

Og faktisk så kom leiinga i Norfund på banen i den avisa den 26. juli for å forsvare seg. På skrøpeleg vis etter mitt syn.

Dessuten finn vi i årsmeldinga til fondet for 2012 at dei på enkelte prosjekt (mikrofinans) går ut med 27% i årleg avkasting over ei seksårsperiode... Utviklingsstøtte??!

Limer første innlegget mitt inn her slik at du evt kan få eit inntrykk av kva "bataljen" går ut på... Om eg får inn svar på fondet sitt svar er usikkert enno.

 

 

U-hjelp eller plyndring.

 

I Vårt Land den 1. juli har Kjell Ingolf Ropsad (KrF Aust-Agder) eit innlegg der han argumenterer for at det norske oljefondet bør satse meir i utviklingslanda.

Bakgrunnen er at Ropstad har konstatert at oljefondet berre har ei inntjening over tid på om lag tredjeparten av det Norfund har (3 respektive 10% i snitt årleg). Norfund er “statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland”, og det politiske motivet for å opprette dette fondet, var trua på at slike investeringar ville gagne utviklinglanda først og fremst. Den sterke inntjeninga til fondet blir sånn sett berre ein, for Norge, positiv tilleggsgevinst.

.

Dersom det faktisk var slik at utanlandske investeringar i utviklingsland automatisk vil “hjelpe millioner av mennesker ut av fattigdom”, så ville det vere logisk at det å auke slike investeringar vil vere eit gode. For Ropstad, som ser ut til å vere ein mann av god vilje, er det derfor tilsvarande logisk å argumentere som han gjer.

Problemet er at heller ikkje denne gongen er verda så enkel som det kan sjå ut som. Realitetane er dessverre slik at den høge avkastinga på kapitalen som Norfund dreg ut av sine u-landsinvesteringar, ofte har meir med plyndring og utbyttinga å gjere enn hjelp til fattige innbyggarar i desse landa. Når fondet kan notere seg eit snitt på 10% avkasting, og enkelte år endå høgare, betyr det at mange prosjekt må levere langt høgare. Kanskje både 20 og 30%. Og då må vi spørje oss om eit slikt uttak av gevinst frå eit u-land kan kallast noko anna enn plyndring. Når u-land skil seg ut som investeringsmål som gir høg avkasting, så har det sannsynlegvis med at desse landa ofte har svake styresmakter som er lite i stand til å forsvare eigne innbyggarar sine interesser, slik vi i Norge hadde når oljerikdomane og vasskraftressursane skulle byggast ut...

 

Dei som måtte vere ekstra interesserte i denne problemstillinga kan for eks gå inn på Bistandsaktuelt sine sider på nettet ( http://www.bistandsaktuelt.no/)

Her finn vi mellom anna stoff om kor problematisk bruken av skatteparadis er særleg knytta til investeringar i u-land. Bruk av skatteparadis er noko Norfund lenge aktivt har forsvart.

 

Enkelte av prosjekta som Norfund investerer i, er sjølvsagt positive. Det er likevel ytterst farleg å gå ut frå at alle slike investeringar i u-land gagnar dei vi gjerne vil hjelpe. Alt for ofte er det tvert om.

 

Odd Tarberg

Ålesund

 

 

 

 

14.07.13.

 

Økonomen Erik S. Reinert

er ein interessant kar. På denne sida, http://www.othercanon.org/papers/

fann eg ein artikkel som omhandlar deler av det eg funderer på.

Han skriv om kvifor fattige u-land blir ståande fast i ei fattigdomsfelle fordi dei satsar på (blir tvinga til å satse på) næringar som er avhengige av naturressursar. Desse næringane har fallande avkasting (diminishing returns) på innsats, skriv Reinert, medan industriproduksjon har aukande avkasting (increasing returns) knytta til stordriftsfordelar for eks. Han skriv også at dagens dominerande økonomi-guruar har forenkla "terrenget" for å få det til å passe med teorien (om fri konkurranse...), og ser heilt bort frå at ulike næringar utviklar seg ulikt når det gjeld avkastinga.

Det Reinert skriv i denne artikkelen er i seg sjølv nok til å latterleggjere dei som påstår at det finns eit haldbart teoretisk grunnlag for generell frihandel globalt. Som faktisk er den kursen kloden no blir styrt etter...

 

Eg har oversett siste delen av artikkelen til Reinert, slik at du som les det kan få eit visst inntrykk av kor vesentleg dette stoffet er...

 

”Ettersom denne grunnleggande faktoren (den minkande avkastinga på innsats i naturressursavhengige næringar) ikkje lenger er med i dagens økonomiske teori, så ser vi symptoma, men evner ikkje å sjå dei mest fundamentale, underliggande mekanismene som fører til fattigdom og miljøforringing i Den tredje verda.

Som ein naturleg konsekvens av dette, er vi fullstendig ute av stand til å gjere noko med fattigdomen og naturøydeleggingane i dei landa som er låste i denne fella av minkande avkasting (trap of Diminishing Returns). I staden held vi fram med å behandle symptoma på fattigdom, ikkje årsakene..

 

Den viktigaste hindringa mot å bedre situasjonen til land som er låst i denne fella av minkande avkasting, er at alle seriøse forsøk på å bygge opp kompetanse og næringar utanfor naturressursområdet, vil kome i konflikt med prinsippa for frihandel. Alle land som no er industrialiserte, kom seg berre ut av denne ressursfella gjennom ein bevisst politikk som gjekk ut på å utvikle økonomien vekk i frå avhengigheit av naturressursar. Og alltid inkluderte denne strategien ein periode der prinsippa om frihandel vart ofra.

Berre når, og dersom, det som no er den industrialiserte verda kan tvingast til å innsjå at kjerna i ein strategi for å kome ut av denne doble fella av fattigdom og naturøydelegging, må innehalde dei nøkkelelementa som var deira eigen økonomiske strategi - altså strategien til det som no er den industrialiserte ”Første Verda” - berre då kan der vere eit håp om å løyse vår tids problem med fattigdom og berekraftig utvikling.

 

Så lenge ”dagens økonomiske verdensorden” nektar dei fattige landa i den Tredje Verda i å bruke den vellukka strategien som dagens Første Verds-land brukte, så lenge vil vi igjen og igjen sjå katastrofer som den i Rwanda og den i Somalia..”

(Erik S. Reinert, 1996)

 

 

 

26.06.2013. (Ein dag prega av politisk pessimisme)

 

Økonomisk anarki...

Det skjer store ting i Europa for tida. Demokratiet er på salg.

Store ord? Tja. Det som no er i “potten” i samband med dei nyleg starta forhandlingane mellom EU og USA om ein vidtrekkande frihandelsavtale (TTIP), har i seg element som vil skape det som på det næraste kan kallast eit økonomisk anarki (anarki då i tydinga alle sin kamp mot alle - der dei sterkaste til ei kvar tid, vinn).

David Cameron var stolt som ein hane under G8-toppmøtet i Irland nyleg fordi dette var det største avtalen i sitt slag i historia. Dersom avtalen er feilkonstruert er det vel ingen fordel at den er stor?

 

Og avtalen er feilkonstruert dersom vi ser på planane.

EU er i seg sjølv eit skrekkeksempel på korleis det frie markedet der er i ferd med å rasere fleire av landa økonomisk og sosialt, og no har altså “ekspertane” funne ut at meir av same “medisinen” skal få både EU og USA ut av krisa...

Vi har sett at EU alt har store nok problem med å integrere fleire land pga ulikt økonomisk utviklingsnivå, og no skal altså ei dobling av dette frihandelsområdet, gjennom opne handels- og investeringsgrenser mellom EU og USA, plutseleg vere ei strålande løysing på problema.

Den franske avisa Politis refererer den 20. juni ma dette frå mandatet til forhandlingane: “ The Agreement shall provide for the reciprocal liberalisation of trade in goods and services as well as rules on trade-related issues, with a high level of amition going beyond existing WTO commitments”. Målet er som vi ser totalt “frislepp”/liberalisering på alle områder.

Det er fantastisk at liberalistane, som etter finanskrisa og det økonomiske kaoset i Europa burde skamme seg over resultata av det økonomiske frisleppet dei har reklamert for, no “har mage til” å lansere denne TTIP-planen. Nokre sterke europeiske og amerikanske konsern vil nok tjene store pengar på dette, men stakkars dei arbeidarane som har jobbar i bedrifter som har meir enn nok med å forsvare seg i den konkurransen som dei alt er utsette for... Er det nokon som trur på at det ikkje blir meir utflagging av bedrifter og press nedover på lønsnivået?

 

Kva med Norge opp i alt dette? EU-USA-forhandlingane var naturleg nok eit av temaene på eit EFTA ministermøte i Trondheim på mandag. For det er ingen tvil om at også Norge og andre land utanfor EU-USA vil merke dette kraftig.

Faren for at Norge vil henge seg på denne liberaliseringbølga er overhengande. Særleg med tanke på at Norge, av alle ting, er med saman med nettopp EU og USA, i ei nyleg oppretta gruppe av land som kallar seg The real good friends of services, og som jobbar for ein tjenesteavtale som skal liberalisere markedsadgangen for dei internasjonale aktørane i tjenestesektoren. (sjå kommentarar lenger nede..)

 

Storkonserna ser ut til å styre utviklinga. Dei store skal lettare bli større, dei rike raskare rikare. At vanlege folk får det meir og meir utrygt? Det er vel dei egga som må knusast for at nokre få skal få nyte “omeletten”...

 

 

23.06.2013.

Dei siste vekene har det "dukka opp" så mykje relatert til internasjonale handelsavtalar, at det tar tid å fordøye.. Nokre punkt under her viser at eg prøver å "fordøye" det så godt eg kan...

Personleg er eg direkte skremt. "Frikonkurranseterroristane" ser no ut til å utnytte det økonomiske og sosiale kaoset på begge sider av Atlanteren til å fremme sine interesser gjennom initiativet om ein forsterka frihandelsavtale mellom EU og USA.

Men kan det vere så farleg då?

Eg meiner det er all grunn til å frykte at den endå råare internasjonal konkurransen som er målsettinga med avtalen, gradvis vil rive i fillebitar det som er bygt opp av sosiale sikkerheitsnett og arbeidstakarrettar. Dersom konserna ikkje får det som dei vil, vil dei endå meir risikofritt kunne flytte produksjonen til land med billegare standardar når det gjeld miljø, arbeidarrettar osv...

 

Dersom du trur at eg ser fanden på høglys dag, så er det kanskje akkurat det vi ser glimt av.. Kanskje du får det bekrefta ved å sjå innom desse to linkane:

http://corporateeurope.org/publications/transatlantic-corporate-bill-rights

og Transnational Institute sine kommentarar på

http://www.tni.org/briefing/transatlantic-corporate-bill-rights

 

 

 

 

19.06.2013

I dag har eg eit innlegg i Sunnmørsposten med tittelen Snikliberalisering. Det er ein variant av kommentaren til Heidi Lundeberg sin artikkel like under her.

I tillegg har eg eit anna innlegg på debattsidene til nettavisa Dagsavisen. Du finn det her:

http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread277485/

 

17.06.2013

Alarmerande om ny frihandelsavtale mellom EU og USA.

Dersom folk flest hadde forstått den trusselen mot politisk folkestyre som ligg innbakt i prosjektet om ny frihandelsavtale mellom EU og USA, så ville det vore lett å mobilisere mot den.

Dei politiske leiarane offentleggjorde i dag jublande frå toppmøtet i Irland,at ein slik avtale er på gong, men for to veker sidan skreiv Corporate Europe Observatory (CEO) dette om desse planane:

"The proposal follows a persistent campaign by industry lobby groups and law firms to empower large companies to challenge regulations both at home and abroad if they affect their profits. As a result, EU member states could soon find domestic laws to protect the public interest challenged in secretive, offshore tribunals where national laws have no weight and politicians no powers to intervene."

CEO, som set eit kritisk søkelys på lobby-aktiviteten til storkonserna mot politiske miljø i EU, skriv vidare dette, som altså bør kunne skreme dei mest flegmatiske:

"The Commission’s proposal for investor-state dispute settlement under the Transatlantic Trade and Investment Partnership (TTIP)1 would enable US companies investing in Europe to skirt European courts and directly challenge EU governments at international tribunals, whenever they find that laws in the area of public health, environmental or social protection interfere with their profits. EU companies investing abroad would have the same privilege in the US."

Snakk om vekkforhandling av folkestyre og politisk handlingsrom... For meg er dette uhyggeleg lesing, særleg når eg ser at dei politiske storkanonene som er på plass i Irland, alt har lagt ustoppeleg mengder prestisje i avtalen. Ein avtale som så til dei grader blir spesialsydd etter storkonserna sine interesser.

Faren for at Norge går med i same liberalistiske dragsuget er overhengande.. Sjå kommentaren under...

Det er til å bli kvalm av når dei same folka snakkar om demokrati og friheit for vanlege folk....

Sjå evt meir om korleis storkonserna kjeppjagar regjeringar juridisk gjennom slike avtalar på http://corporateeurope.org/publications/transatlantic-corporate-bill-rights

 

17.06.2013.

Skuffande liberalistisk raudgrøn regjering...

 

Ikkje slik at et trur det blir det minste bedre med eit evt regjeringsskifte til hausten. Opplagt tvert i mot. Men akkurat no er det svært skuffande å registrere kor proliberalistisk den sittande regjeringa oppfører seg når det gjeld internasjonal handelspolitikk.

Eg har sendt inn eit innlegg til Sunnmørsposten med eit ørlite håp om å skape eit ekko av det spesielt Heidi Lundeberg har slått alarm om, forhandlingar om ein plurinasjonal tjenesteavtale som er omtala like under her...

At dette ikkje er eit eingongstilfelle frå ei regjering eg håpte vi kunne vente oss noko anna frå, viser denne linken som omhandlar eit ferskt tidlegare eksempel på dette. Det gjeld ei tilråding frå UD til Stortinget i 2012 i samband med ”endring av WTO-avtalen om offentlige innkjøp av 15. april 1994.” (sjå http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/regpubl/prop/2012-2013/prop-157-s-20122013/7.html?id=727397 ).

Der står det for eks at ”Det er ønskelig med størst mulig åpenhet og konkurranse om offentlige anskaffelser”. Åpenhet er greit, men at det skal vere så opplagt at størst mogleg konkurranse om offentleg anskaffelser skal vere så udiskutabelt ynskjeleg, er ein merkeleg påstand som overser at deler av norsk, og andre lands næringsliv også i mange samanhengar har det som blir kalla defensive interesser, eksempelvis for å kunne bygge opp nasjonal kompetanse. Resten av denne tilrådinga er i same ånd... Triste greier frå ei raudgrøn regjering...

 

12.06.2013.

Meir om "hemmelege" drøftingar om internasjonal tjenesteavtale.

I dag er det leiaren i Attac Norge, Benedikte Pryneid Hansen, som har eit innlegg i Klassekampen om at det foregår drøftingar om ein fleirnasjonal tjenesteavtale. Sjå kommentar (08.06) til Heidi Lundeberg sin artikkel om det same.

Også Pryneid Hansen reagerer på at det det er så vanskeleg å finne informasjon om dette arbeidet som Norge saman med 19 andre land tek del i.... Ho spør utenriksministeren direkte om han ikkje snart vil informere om dette å demokratisk vis...

Har så langt ikkje funne artikkelen til Pryneid Hansen på nettet slik at eg kan linke til den, men ho gjentek forsåvidt kritikken som Lundeberg kjem med (link under her)...

 

 

Udemokratisk tradisjon.

I tillegg til å kritisere sjølve det politiske innhaldet i den aktuelle tjenesteavtalen, (liberaliseringstendensen), er eit eige alvorleg element i kritikken knytta til den udemokratiske prosessen. Det er ein uting at slike avtalar blir framforhandla "bak lukkede dører"...

Denne udemokratiske tradisjonen minner om den eineveldsfullmakta den franske presidenten har hatt / har når det gjeld forsvars og utenrikspolitikk i det landet. Og som vi kjenner igjen her til lands når det gjeld måten Stortinget blir summarisk informert og involvert i altfor mange konsekvenstunge vedtak knytta til utenriks- og handelspolitikk...

Denne praksisen er tydelegvis gjeldande også i dag, og er ei skam for stortingspolitikarane og for eit land som held seg for å vere ei opplyst demokrati. Eller?

 

 

10.06.2013.

Gult kort til Trond Giske?

Når det blir gjort samfunnmessig viktige vedtak uten at den demokratiske prosessen bak er betryggande, då får eg piggane ut. Dette er ting som har skjedd særleg når det gjeld avtalar knytta til internasjonal handel - som regel i retninga av liberalisering / opning for internasjonal konkurranseutsetting..

Dagens Klassekampen siterer næringsministeren på ein kommentar han har kome med til usemja om det er rett å endre reglane for norsk havbruksnæring slik at enkeltaktørar kan eige meir enn 25% av alle konsesjonane i landet slik reglane er i dag.

Trond Giske skal ha sagt fylgjande: " Så får vi som sit med ansvaret for å utøva statleg eigarskap, og kanskje også mest informasjon, vera dei som legg strategien."

Setninga kan virke tilforlateleg, men dersom det er slik at Giske og departementsfolka han sit på informasjon som dei som er usamde med han ikkje har, så får han sanneleg gjere den informasjonen tilgjengeleg og forklare kvifor den informasjonen rettferdiggjer standpunktet hans.

Det er denne haldninga nokre har, om at dei veit best kva som tener samfunnet best - og på det grunnlaget tek beslutningar uten ei skikkeleg demokratisk forankring, som er provoserande og farleg.

 

Dette var i ferd med å skje i samband med MAI-avtalen som eg har kommentert lenger nede på denne sida, og jammen ser det ut til å skje igjen knytta til den internasjonale tjenesteavtalen som Heidi Lundeberg skriv om. (Sjå kommentaren under her...)

Det kan vere at eg er "hårsår" i denne kommentaren,. men det var eit eller anna som "skurra" i den setninga frå Giske... Så eit gult kort i denne omgang....

Ergeleg å måtte kritisere ein minister frå den raud-grøne regjeringa for slikt, når eg fryktar at det blir "tie reiser verre" på dette området dersom vi får regjeringsskifte til hauste...

 

08.06.2013.

 

Heidi Lundeberg er tydelegvis litt av ei dame!

For meg er ho det fordi ho orkar å interessere seg for internasjonal økonomi!

Saman med to andre damer av same kaliber, Helene Bank og Marte Dæhlen, har ho skrive rapporten Bak lukkede dører som eg har kommentert og linka til tidlegare (lenger nede på denne sida). Og no kjem ho forsørge meg med ein uhyre viktig artikkel om at det foregår arbeid for å få gjennom ein ny internasjonal tenesteavtale. Eit arbeid som ikkje ein gong eg, som interesserer meg spesielt for dette, har høyrt om. Noko som vitnar om nok ein udemokratisk prosess...

Du kan lese artikkelen som stod i Klassekampen i går, på denne linken: http://www.handelskampanjen.no/nyhetsarkiv/globalt-tenestedirektiv-i-valtider/.

Dette stoffet kan virke kjedeleg i første omgang, men faktum er at nettopp slike avtalar bit for bit er med å undergrave den politiske råderetten som var så viktig for folk under EU-kampen. Dei store internasjonale konserna vil meir og meir få fritt leide til å herse med vanlege folk og gjere det økonomiske fundamentet vårt meir og meir utrygt. Islendingane, spanjolane og grekarane har lært litt om dette i det siste.

 

Så les artikkelen til ho Heidi Lundeberg og bli litt forbanna...

 

03.05.2013.

Eg har nettopp lest ei masteroppgåve gjort av ei dame, Kristine Sævold, som har studert korleis skatteparadisa har påvirka ma norsk økonomisk politikk. Her ein link til kommentar og nettadresse til masteroppgåva:

www.cmi.no/publications/publication/?4582=ja-hegnar-det-er-noe-skummelt-ved-naeringslivets

Ser no at dama i juli har fått Fritt Ord-pris fra Den norske historiske forening (HIFO)! for denne masteroppgåva. Ikkje dårleg!

 

 

Politikk?

 

Det er ikkje alle som interesserer seg for politikk. For min del er internasjonal økonomisk politikk vel så spennande som oppdikta kriminallitteratur.. (Nok av skurkar ute og fær, i alle fall...)

Eg trur elles at ein del personar i Hellas, Spania, Island, m fl. i det siste har tenkt at dei kanskje burde ha brukt litt meir tid på å fylgje med på korleis landet deira vart styrt politisk..

 

OBS:

05.01.2014: Derfor er liberalismen farleg:

Eg har lest eit par ting dei siste dagane som har gitt meg ein meir "konsentrert ide" om kvifor økonomisk liberalisme er ein så farleg ideologi. Dette at økonomien blir grenselaus på same tid som dei politisk valgte regjeringane både har nasjonalt avgrensa autoritet OG også der får sin autoritet vingeklippa, er faktisk "rett på sak" i dette spørsmålet.

Noko av det som fekk meg til å tenke meir over dette, var noko eg las av ein fransk bloggar som heiter Olivier Tonneau (skriv i ei nettavis som heiter Mediapart). Han skreiv i eit av sine "brev" at "I eit kvart politisk samfunn er det Staten si rolle å stå for fordelinga av rikdomen: det vil dermed vere uunngåeleg at Staten vil vere prega av styrkeforholdet mellom dei motstridande interessene i denne fordelinga". (Dans toute communauté politique, il revient à l’Etat d’opérer le partage de la richesse : il est donc inévitable que l’Etat soit l’objet d’un rapport de force entre les agents intéressés au partage.) Uten at det finns ei folkeleg akseptert statsmakt som kan vere "overdomar" i økonomiske fordelingsspørsmål, då vil vi kome ut å køyre...

Dette har eg inntrykk av er ei kjerne i kvifor vi no er på veg inn i eit farleg uføre, no når liberalismen har vind i segla gjennom ma dei frihandelsavtalane eg skriv ein god del om i spalten til venstre på denne sida. Styrkeforholdet mellom finansinteressene på den eine sida og arbeidstakarinteressene på den andre er i ferd med å endre seg kraftig i favør av finansrytterane... ¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

 

Vidare her står det udaterte kommentarer mm som er skrivne tidlegare:

 

Dersom eg skulle peike på ei formulering som oppsumerer det som er grunnlaget for mi politiske uro, så er denne setninga frå boka Globaliseringsfellen av H-P Martin og H. Schumann, ganske så sentral: «Avtale for avtale, lov for lov, var det hele tiden regjeringer og parlament som med sine beslutninger fjernet barrierene for den grenseoverskridende flyten av kapital og varer. Fra frigivelse av valutahandelen via det europeiske indre marked til den stadige utvidelsen av verdenshandelsavtalen GATT, har regjeringspolitikere i de vestlige industrilandene systematisk skapt den situasjonen som de ikke lenger er herre over»... (Jfr finanskrise og kaoset i Sør-Europa...)

 

Vedgår gjerne at det minner om ein slags stormannsgalskap å våge seg til å meine noko om desse spørsmåla. Men det får stå si prøve.. .

 

Sjå tips lenger nede i denne spalten om bøker og linkar til folk og organisasjonar som eg opplever som kloke og innsiktsfulle... Tips som sjølvsagt også fortel det meste om kvar eg står i det politiske landskapet.

 

 

Noko av det som også har uroa meg dei siste førti åra (!),

er at så få tek alvorleg den politiske jobben vi alle bør ta del i når det gjeld å sørge for ei forsvarleg maktbalanse mellom kapialinteressene og interessene til vanleg arbeidstakarar.

Det ser ut som om dei fleste trur at den velstanden dei aller fleste nordmenn nyt godt av, er ein tilstand som vil vare evig uten at vi treng å bry oss... Men dette må vi vere klar over er ein konstant interessekonflikt - ikkje ein kamp som kan vinnast ein gong for alle...

For oss "tullingane" på venstresida i det politiske landskapet som bryr oss om dette, er liten tvil om at "vi har eit alvorleg problem" med den veksande ubalansen i maktforholda mellom dei mektige private finansinteressene og folk flest sine interesser.

At det no faktisk i 2013 er slik at dei vestlege konsern-interessene ser ut til å få viljen sin i forhandlingar om ei gigantisk frihandelssone mellom EU og USA (sjå lenger nede i spalten til venstre), er eit skrikande teikn på det - uten at "folk flest" ser ut til å innsjå konsekvensane.

Trass i at finanskrisene i det siste så tydeleg viser at dei "globale pengefolka" gir blaffen i om vanlege folk mister hus og heim og all sosial tryggleik, så lenge dei sjølve får halde fram med å dele ut gyldne fallskjermar til kvarandre...

 

Og midt opp i dette vel vi altså ikkje politikarar som kraftfullt motarbeider at dette skal skje... Tvert i mot!

Kort sagt er det altså "eit par ting" eg ikkje er heilt "happy med" når det gjeld tingenes tilstand globalt - for å seie det svært så mildt....

 

Det eine er den ulike fordeling av goder (ekstrem fattigdom enkelte stader på same tid som det er ekstrem rikdom andre stader - og det at rikdomen til nokre baserer seg på utbytting av ressurssvake...).

 

Det andre gjeld eit heilt "sanselaust" forbruk av ikkje fornybare ressursar og ditto utslepp av miljøskadeleg avfall (CO2, kemikalier, radioaktive stoff osv).. Begge deler har i avgjerande grad med menneskeskapt politikk å gjere.

 

Det tredje er tendensen til at dei politiske elitene abdiserer til fordel for særinteresser i det globale næringslivet. Dette skjer gjennom avtaler som "rullar ut dei raude løperane" for dei internasjonalt mest konkurransedyktige aktørane.

Dei store økonomiske gigantane, dei med dei største økonomiske ressursane, får gradvis definere meir og meir av spelereglane, slik at dei fritt kan "grave til seg" endå meir rikdom basert på utbytting og rovdrift av fattigfolk og naturressursar. Med andre ord: økonomisk liberalisme. Finanskrise og økonomisk krise i Europa bør tydeleg nok vise at dette ikkje er ein økonomisk modell vi kan stole på.

 

Ein av eigenskapane til det regimet som "rir oss" i dag, er at vi må ha kontinuerleg vekst i produksjon og forbruk. Om produksjonen er nyttig eller direkte skadeleg for samfunnet...

 

I denne samanheng er det naturleg å sitere frå boka til Frode Fanebust, Selvbedraget, der han skriv: "En sivilisasjon som baserer seg på en kombinasjon av eksponensiell vekst i befolkning og kapital, kombinert med avhengighet av ikke-fornybare ressurser, utsetter seg selv for ekstrem risiko." Han avsluttar eit avsnitt han har kalla "Den beklagelige sannheten om vekst" med denne setninga:

"Vi har basert vår eksistens på forventningen om det umulige."

 

Når det går opp for folk at eit par prosent vekst i økonomien årleg, fører til eksponensiell vekst i forbruk (tilsvarerdobling i forbruk (forurensing/utarming av ressursar osv på forbausande få år), vil det vere innlysande at vekstfilosofien ber i seg ei katastrofe. Slik at vi som rasjonelle personar bør leite etter "ein veg ut av uføret"...

 

Sjå kommentar om eksponensiell vekst straks under her....

 

 

08.06.2013

Eksponensiell vekst. Den galskapen vårt aktuelle økonomiske system er avhengig av...

 

"Da Trygve Haavelmo mottok Nobelprisen i økonomi i 1989, ble han spurt om hva han ville ha snakket om hvis han hadde fått et kvarter med verdens ledere. Han svarte at han ville forklare dynamikken i en eksponentialfunksjon –

formelen for eksponentiell vekst.

For å illustrere dynamikken Haavelmo siktet til, kan man ta utgangspunkt i en vekstrate på 3 % per år over en hundreårsperiode. Først er endringene små. Det vil ta 24 år før mengden har doblet seg.

Etter 50 år har den firedoblet seg. Så blir utslagene større. Når det har gått 100 år- altså 50 år til - vil størrelsen være nesten 20 ganger det den opprinnelig var". Dette er å lese på www.framtiden.no/

Ein tilforlateleg årleg vekst i forbruk (og forurensing), som faktisk til dags dato er eit mål for dei komande åra også for den norske regjeringa, vil eksempelvis føre til groteske dimensjonar på søppelberga våre om 100 år...

 

Trur vi at kloden toler ein slik vekst i bruken av ikkje fornybare ressursar og ein slik auke i utslepp av miljøgifter som dette inneber?

Betyr ikkje dette at dei økonomiske spelereglane må endrast?

 

 

 

================================================================

Viktige bøker som særleg liberalismetilhengarar burde "tvangsforast" med:

 

Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle (R.Wilkinson og K.Pickett). Boka er på norsk. (Det mest oppsiktsvekkande som kjem fram her, er kanskje at det viser seg at evna til innovasjon i eit samfunn faktisk også er best i dei samfunna som har god økonomisk utjamning...)

 

When Corporations Rule the World. (David C. Korten)

 

The Price of Inequality. (Joseph E. Stiglitz)

 

Globaliseringsfellen. (Hans-Peter Martin og Harald Schumann)

 

Endå fleire bøker som har bekrefta mine mistankar om at ikkje alt er som det skal vere med samfunnsstyringa. Verken her til lands eller globalt:

 

Er det en slik verden vi vil ha? (Eva Joly)

 

Markedets makt over sinnene. (Bent Sofus Tranøy)

 

Pengeutlånerne. (Anthony Simpson)

 

Selvbedraget. Norge og klimakrisen. (Frode Fanebust)

 

 

26.05.13.

Ad http://livingeconomiesforum.org/ så er David C. Korten for lengst ein av mine guruar. Han har mellom anna skrive boka When Corporations rule the World som er litt av ein klassikar...

 

Ad Erik Dammann og "State of the World"-rapporten anno 2013.

I 1972 skreiv Erik Dammann boka Fremtiden i våre hender. To år seinare vart organisasjonen Framtiden i våre hender stifta. Den hadde hovedfokus på miljø og målbar sterk kritikk av forbrukarsamfunnet. Velkjent stoff for dei fleste...

Den amerikanske tenketanken Worldwatch Institue sin årlege rapport "State of the World" har i 2013 fått tittelen "Is Sustainability Still Possible?" (Er berekraft framleis mogleg?). Tittelen seier sitt om situasjonen..

Det som er ekstra interessant denne gongen, er at rapporten gir plass til ein presentasjon av ein visjon for omstilling av den globale økonomien til prinsippa i ein økologisk økonomi. Dette er som eit sterkt ekko av dei tankane som Erik Dammann har brukt livet sitt på å argumentere for.

Grunnen til at denne visjonen blir presentert, er nok at dagens økonomiske orden, med frikonkurranse som styrande prinsipp, og der stadig vekst i forbruk er heilt nødvendig for at "ting skal fungere", så fundamentalt kolliderer med dei miljømessige rammene denne kloden gir oss..

 

Det er dramatisk å skulle gå inn for ein slik omlegging av det økonomiske systemet, men det kan sjå ut som om det er like dramatisk uansvarleg å ikkje gjere alt for å prøve. At så sterke krefte (med eigeninteresser i staus quo) motarbeider på det mest kyniske slike forsøk, gir ikkje akkurat stor grunn til håp...

Dette er ting som opptek meg, og eg har registrert at det opptek mange andre også, sjølv om det er tydeleg at dei aller fleste "gitt opp" på førehand.. Fleirtalet av oss vil vel helst ikkje bli minte om dette "uromomentet...

Klassekampen (11. mai) som omtalar State of the Worls-rapporten siterer den kanadiske økologen William Rees: "Verdenssamfunnet holder i praksis på å gjennomføre et massivt, ikke-planlagt eksperiment på den eneste planeten vi har, for å se hvor langt vi kan presse økosfæren før den tipper til et alternativt stabilitetsdomene som kan vise seg å være uegnet for menneskeheten.. Ville en virkeleg intelligent art risikere dette?"

Det rådande økonomiske systemet ser ut til å hindre oss i å forholde oss rasjonelt til denne trusselen...

 

På Wikipedia står det at "Kongen utnevnte i 2011 Dammann til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden « for samfunnsnyttig innsats"....

Det er noko rart med dette at Dammann på denne måten blir heidra, når vi på same tid veit at tankane han så lite blir tatt til fylgje. Dei som sit med den reelle makta ser ut til å hånflire av mannen som "det offisielle Norge" gir den største heider... Nei, her er det berre å pumpe opp meste mogleg olje på kortast mogleg tid.. Skit i framtida - leve aksjeutbyttet i år!

 

21.05.13: Kan ikkje dy meg for å anbefale ein link til ein liten "konfrontasjon" eg hadde med Norfund i 2010 om skatteparadis (aktuelt apropos til den aktuelle skatteparadisdebattet - sjå under). Sjå kommentarane på tampen på denne linken. (dersom sida ikkje kjem opp ved å klikke på "linken", så finn du saka på http://www.bistandsaktuelt.no/kommentar/arkiv-kommentarer/bistandsmillioner-g%C3%A5r-fortsatt-via-skatteparadiser )

 

20.05. 2013. Kva var det eg skulle ha sagt...

Eit av lyspunkta i det siste er at det politiske trykket mot skatteparadis og skatteunnaluring har auka. Her i landet skal Arbeiderpartiet ha ros for å halde dette temaet varmt: Statsminister Jens Stoltenberg varsla i sin 1. mai-tale at regjeringen vil kome med nye tiltak mot internasjonale konsern som flytter overskudd ut av Norge for å unngå skatt. Og den 14. mai var det frokostmøte i Arbeiderpartiet sin finansfraksjon om "framtidens skatteutfordringer". Det kan vere liten tvil om at den konkurransen som no foregår landa i mellom om å tilby det lavaste skattenivået, parra med storkonserna sin praksis med skatteunnaluring av enorme beløp via skatteparadis og diverse kreativ bokføring/flytting av overskott, er ein alvorleg trussel mot finansiering av det vi forventar oss av ein velferdsstat. Både her til lands, men endå meir i dei landa som prøver å arbeide seg ut av fattigdomen...

 

Sjå ferskvare om dette frå Publish What You Pay Norge som skriv i siste infomailen (04.06.13) dette:

"Andorra innfører inntektsskatt

Presset på skatteparadisene øker. Etter et møte med Frankrikes president Francois Hollande 2. juni, lovet Andorras statsminister Antoni Marti at regjeringen vil vedta innføring av inntektsskatt for personer og bedrifter i løpet av denne måneden."

Meir om dette på http://www.nrk.no/okonomi/andorra-innforer-inntektsskatt-1.11058168

 

Noko anna som har gledd meg mindre, er det forholdet at vi blir så elendig informerte av mainstream massemedia at det er direkte nifst: Det som fekk meg til å tenke på dette igjen no nyleg, var eit oppslag i Klassekampen (11. mai) der ei professor ved Universitetet i Oslo, Halvor Mehlum, fortel at landa i Nord-Europa som Tyskland, Finland og andre, slett ikkje må punge ut store beløp for å berge Hellas, Spania og andre land i Sør-Europa som har hamna i økonomisk uføre, slik vi har fått høyre. Mehlum siterer Martti Salmi i det finske finansdepartementet som tvert i mot seier at Finland ikkje har tapt ein cent så langt på situasjonen. Og det same gjeld Tyskland. Og kvifor det? Fordi dei perverse finansmarknadane, som no krev ågerrenter frå landa som er i krise, på den andre sida "premierer" land som Tyskland og Finland med å låne dei pengar nesten rentefritt. Tyskland skal eksempelvis ha spart ca 67 milliardar euro sidan 2010 gjennom denne spesielle rentesituasjonen. Og vi som blir fora med at tyske skattebetalarar må finansiere uansvarlege grekarar.... Når den tyske statskassa tvert i mot har tjent på situasjonen...

Det er ei skam at vi blir så lemfeldig informerte!

 

18.05.2013: I dette fineveret her på Møre er det uråd å bruke tid på å prøve å formulere noko vetugt på denne sida. Eg har rett nok "på lager" eit par både positive og negative reaksjonar på ting eg har lest i det siste, men det får vente til det kjem ein regnversdag! ... Finveret er ein trussel mot eit aktivt medborgarskap, med andre ord!!

 

03.05.2013: Eg har ofte inntrykk av at mine politiske synspunkt kan vere i overkant "rabiate". I alle fall i høve til "mainstream". Men så kjem eg både tidt og ofte over utsegner frå folk med skikkeleg fagleg tyngde, som viser seg å vere heilt på linje med det eg har som "verdensbilde".

 

I dag, 3. mai, kom den norske utgåva av den internasjonalt annerkjende franske avisa Le Monde dipolomatique inn døra. Og derstår det ein artikkel av ansvarleg redaktør i avisa, Serge Halimi, der han dokumenterer den sjokkerande udemokratiske konsentrasjonen av makt og rikdom på få hender verda over på ein måte eg vanskeleg kunne gjere meir hårreisande. Rikeleg nok til å verte rabiat av... Han skriv om verda sin "skeive gang" med finanskrise og tilhøyrande sosial katastrofe i Europa og seier: "Håpet om en kursendring hviler nå på eit frontalangrep på de rådende interessene"..... "Å belyse de virkelige drivkreftene, mekanismene som har gitt rikdom og makt til et lite mindretall som kontrollerer både markedene og statsapparatene, krever et kontinuerlig opplysningsarbeid. Et slikt arbeid må minne om at enhver regjering mister sin legitimitet når den tillater store sosiale ulikheter, lar det politiske demokratiet svekkes og aksepterer at den nasjonale suvereniteten settes under formynderskap." Halimi skriv også at "Verdens tiende rikeste, Bernard Arnault, som eier det multinasjonale luksusselskapet LVMH, er glad for at de demokratisk valgte regjeringene mister makt: "Selskapene blir stadig rikere, særlig de internasjonale. Europa har fått muligheten til å konkurrere (...) Politikernes reelle inflytelse over et lands økonomi blir stadig mer begrenset. Heldigvis". Dette til ettertanke.. Ettersom det viser haldningane og tankegangen til dei som sit med den faktiske (penge)makta...

 

 

Under her finn du linkar til nokre av mine eigne

artiklar om politikk:

 

Jesus, Ivar Aasen og sosialisme... (des 2012)

 

Finansspekulasjon - Etterlysing NHO (des 2011 )

 

Det er så mykje å bli kvalm av... Om Norge og skatteparadis...

 

Gir vekk arvesølvet (fiskeressursane)

 

Om MAI-avtalen. Dette innlegget er 15 år gamalt, men syrjeleg aktuelt også i dag.

Ei kriminell historie...

 

Skandalen det ikkje vart blest om i media. (april 2013) ... Dette er ein kommentar som går på at embetsverket i viktige departement viser total mangel på lojalitet i høve til uttalt politikk frå regjeringa. Desse påstandane blir forståelege for den som orkar å lese rapporten "Bak lukkede dører", som er å finne på denne linken: http://www.handelskampanjen.no/files/documents/lukkede_dorer_web.pdf

 

03.05.2013. Eg har nettopp lest ei masteroppgåve gjort av ei dame, Kristine Sævold, som har studert korleis skatteparadisa har påvirka ma norsk økonomisk politikk. Her ein link til kommentar og nettadresse til masteroppgåva:

www.cmi.no/publications/publication/?4582=ja-hegnar-det-er-noe-skummelt-ved-naeringslivets

Ser no at dama i juli har fått Fritt Ord-pris fra Den norske historiske forening (HIFO)! for denne masteroppgåva. Ikkje dårleg!

 

16.04.2013. Via denne linken får du opp eit innlegg eg skreiv for ein god del år sidan, men som også er syrgjeleg aktuelt også i dag. Det handlar om Aker RGI sin slakt av ei bedrift i Portugal med tilhøyrande stor gevinst - for "slaktarane"...

 

 

 

Nokre linkar til stoff som gir grunn til ein viss optimisme:

 

Den siste tida er det særleg aktiviteten til mellom andre Publish what you pay og Transparancy International som er oppløftande. Dei arbeider for at selskap som driv gruvedrift, oljeutvinning og anna ressursutvinning, skal offentleggjere det dei betaler i skatt og avgifter til dei landa dei opererer i. Dette for å begrense korrupsjon, unnaluring av skatt og liknande.

På nettet er desse å finne på

 

http://www.publishwhatyoupay.no/

 

http://www.transparency.org eller også på

http://www.eiti.org

 

http://www.handelskampanjen.no/

 

http://www.attac.no/

 

Mindre oppløftande linkar:

 

Dette oppslaget på nrk.no 24. mars 2013 om ulovleg valutaeksport frå dei gamle sovjetstatane, seier også sitt om kor lausslept den internasjonale finansnæringa har blitt særleg dei siste tretti åra.

Sjå denne: http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.10961184

 

Det er ikkje berre russerar, islendingar, grekerar, spanjolar osv, som burde sjå dette som ein advarsel...