Det er så mykje å bli kvalm av.

Her kjem eit "utbrudd" som måtte ut etter at eg hadde lese om kor nødvendig skatteparadisa er for "norske økonomiske interesser...

 

Korrigert "nyttårstale..."

 

Vil gjerne få sende ei helsing. Ikkje til “våre landsmenn i utlandet” slik tradisjonen har vore i nyttårstalane vi har fått høyre opp gjennom åra.

Nei, eg vil gjerne sende ei helsing til alle dei moderne slavearbeidarane, som gjennom sitt iherdige arbeid i tusenvis av fabrikkar verda over, er med på å finansiere også den norske velstanden.

Vi bør takke desse slitarane fordi dei har hovedæra for at norske investeringsfond og andre børs- og finansaktørar, kan ta ut ti, femten eller tretti prosents årleg forteneste på investert kapital ikkje minst frå mange av det som blir kalla uland.

 

Trur vi at desse slavearbeidarane har full forståing for at sjefen for det statlege investeringsfondet Argentum må velge dei kommersielle omsyna framfor “den politisk korrekte” etikken som han hånleg uttrykte det?

Dei har sikkert like stor forståing for kor vanskeleg det ville bli for Oljefondet, Norfund og andre norske “aktørar”, dersom Skatteparadisa si rolle i dette vart hindra. At korrupte statsleiarar og andre som vil plyndre ressursar frå fattige regionar brukar desse “konstruksjonane”, kan sjølvsagt ikkje hindre norske aktørar i å jobbe for sine økonomiske interesser og derfor jobbe iherdig mot alle initiativ som går i retning av å “uskadeleggjere” skatteparadisa og på same måte hindre at det blir slutt på det kriminalitetsfremmande bankhemmeleghaldet (banksekretessen) som det er lett å skjule lyssky aktivitet bak.

 

Sorry.. Det er ille å plage andre (og seg sjølv) med slike tankar... Av og til må det likevel kome ut...